Jubileumsgudsteneste den 28.august kl.11.00.


Åseral kyrkje fyller 200 år i år. Dette skal feirast med ei jubileumsgudsteneste i Åseral kyrkje den 28.august kl.11.00.

 

Biskop Stein Reinertsen kjem til denne gudstenesta og vil halde preika. Prost Gunnar Ellingsen kjem også, og vil vere liturg i gudstenesta saman med sokneprest Kjell Steinbru. Tidlegare prestar i Åseral er også inviterte. Oddbjørn Stakkeland er organist. Det kjem også sterke songkreftar. Kari Røynlid vil synge gamle salmar frå middelalderen. Tonje Haugland, som også har vakse opp i Åseral og har ein internasjonal karriere som operasongar, skal også syngje i gudstenesta. Etter gudstenesta er alle velkomne til jubileumsfest på bedehuset med god mat, song og helsingar.

Nytt piano i Åseral kyrkje: I samband med jubileet har kyrkja fått eit nytt piano. Det er eit Schimmel C126 Tradition, sort polert. Sparebanken sør og Åseral kommune har vore med på å sponse denne fine gåva til Åseral kyrkje. Kyrkja har nå fått eit profesjonelt piano som fyller det store kyrkjerommet betre og som difor også egnar seg til konsertar.

Jubileumsbok: I samband med jubileet kjem det også ut ei jubileumsbok som mellom anna skildrar kyrkjas historie i Åseral. Boka er forfatta av arkeolog Frans Arne Stylegard. Ildsjela Arna Berg må også ha mykje av æra for at alt dette har lete seg gjennomføra. Boka vert lagt ut for sal i samband med jubileumsfesten etter gudstenesta.

Tilbake