Åseral støtter misjonsarbeid i Liberia


Åseral sokneråd har vedteke å forlenge den noverande misjonsavtalen med Misjonsalliansen fram til 2024. Prosjekt som vi no støttar er lokalisert til nabolanda Liberia og Sierra Leone. Misjonsalliansen har no eit særskild fokus på lese- og skriveopplæring av vaksne analfabetar. I tillegg har dei også eit arbeid knytta til mikrofinans. Mikrofinans er finansiell hjelp til fattige menneske som ønskjer å starte opp eit lite foretak. Arbeidet i Sierra Leone vert leia frå landkontoret i Liberia.

Liberia er eit land som ligg i den vestlege delen av Afrika. Landet grenser mellom anna til Sierra Leone. Liberia har 5,2 millionar innbyggarar. Landet er 111 370 kvadratkilometer stort. Til samanlikning er Noreg 385 207 kvadratkilometer. Offisielt språk er engelsk. Hovudstaden heiter Monrovia. Liberias historie har vore prega av eittpartistyre, borgarkrig og diktatur. Men i 2005 vart Liberias og Afrikas første kvinnelege folkevalde leiar vald. Liberia er i dag en fleirpartirepublikk.

I Liberia kan under halvparten av dei vaksne lese og skrive. Betre utdanning forandrar alt for dei. Grunnen til at dei aldri har gått på skule er først og fremst fattigdom. Når det ikkje er mat på bordet, vert det å skaffe mat sjølvsagt viktigare enn å kunne lese. I 2021 har Misjonsalliansen starta eit nytt samarbeid med «National Adult Education Association of Liberia» (NAEAL).

Gjennom denne organisasjonen har ti landsbyar i området Bong County fått tilbod om eit to-års vaksenopplæringskurs. 250 vaksne får lære å skrive namnet sitt for første gong og kan endeleg kan sjå kven som ringer dei på mobilen. Dei har også fått sjølvtillit til endeleg å heve røysta på landsbymøta, fortel Karen Korol, leiar for Misjonsalliansen sitt kontor i Liberia.

Her er en video som syner korleis Misjonsalliansen arbeider. 

Tilbake