Bispevisitas i Åseral hausten 2023


I Åseral og Bygland kyrkjelyder er det planlagd ein bispevisitas hausten 2023.  Dato er ennå ikkje fastsett, så det kjem ein tilbake til.

 

Ein bispevisitas er eit besøk som biskopen gjer med jamne mellomrom i bispedømmet sine kyrkjelyder. Ein visitas tek gjerne 3–6 dagar.

Formålet med bispevisitasen er å støtte, inspirere og veilede kyrkjelyden og tilsette, og gjere kyrkja sitt nærvær meir synleg i lokalsamfunnet.

I ein visitas skal biskopen gjere seg godt kjend med tilhøva i kyrkjelyden. Han skal i visitasen kontrollere at presten og administrasjonen utfører sitt arbeid etter lovar og reglar, og han skal stå til teneste med rettleiing for presten, andre tilsette, soknerådet og kyrkjelyden.

I bispevisitasen deltek biskopen i gudstenester, han møter soknerådet, han har ofte samtaler med konfirmantane og besøker skular og institusjonar. Det er også blitt meir vanleg med bedriftsbesøk og kontaktmøte med andre foreiningar og trussamfunn i kyrkjelyden. Det høyrer også med eit besøk i kommunen sin administrasjon.

Soknepresten, soknerådet og fellesrådet skal skrive ein rapport til biskopen om verksemda i soknet sidan førre bispevisitas.

Kyrkja sitt visitasreglement kan ein lese her. 

Tilbake