Behov for oppgradering og vedlikehald i Åseral


Det trengs oppgradering og vedlikehald av kyrkjene og anna tilknytta bygningsmasse og areal i Åseral.

No står Åseral kyrkje fram nymåla og fin til kyrkjejubileet i år. I samband med dette vart også nokre kledningsbord skifta. Men det er meir som treng vedlikehald. Soknerådet har i møtet den 12. januar vedtatt ein plan for dette for 2023.

 

Åseral kyrkjegard: Bårehuset treng måling. Samstundes vil ein skifte rote bord og heve kledninga slik at ikkje graset veks opp og gjer den roten. Det skal òg leggjast sluk og flisar på golvet i bårehuset.

Åseral kyrje: Her må ein gå gjennom brannsikringa.  Det vert innhenta ei fagleg vurdering av kablar og omnar for å sikre at alt dette er i forsvarleg stand. Dersom det ikkje er tilfelle, må utbetring inn i budsjettet for 2022.

Åknes kapell: Det trengs måling av kapellet. Det er også vedteke å utgreie legging av gangveg frå vegen og fram til kapellet samt å lage til ein handikapinngang.

Ljosland kapell: Vedlikehald av tak.

Tilbake